Spillerom 2017: Kjøp billett no!

Spillerom 2017 går av stabelen 28.-30. april. Helgepass for vaksen kostar fra 380 kr og helgepass for barn under 14 år fra 200 kr. Andre billettprisar og meir informasjon finn du her: http://www.spillerom.org/kjop-billett/!

Spillerom 2017 går føre seg på Høgtun i Øyslebø, Marnardal kommune. Høgtun ligg 15 minutt frå Mandal med bil, og om du kjem med tog kan Spillerom tilby henting på Marnardal Stasjon.

Kva er Spillerom?

Spillerom er ein festival som passar for deg som er interessert i laiv eller interaktivt teater, rollespill, cosplay eller liknande aktivitetar. Vi legger stor vekt på at Spillerom skal vere eit trygt og inkluderande arrangement som passar for alle aldersgrupper!

Spillerom er eit lavterskelarrangement som ikkje stiller krav til forkunnskap. Du er hjarteleg velkommen om du har lyst til å komme innom for å sjå kva dette er for noko!

Illustrasjon: Akvarell av John Bauer, 1915

Kva kan du oppleve på Spillerom?

Du kan velge mellom mange ulike aktivitetar, til dømes:

  • Rollespill
  • Minilaiver
  • Hærkampfekting
  • Sy kostymer
  • Cosplay
  • Workshop om workshops
  • Brettspill
  • Laivslossing
  • Tegnekonkurranse
  • Monstervandring

Progammet finn du her: http://www.spillerom.org/program/

Vi ses på Spillerom i Marnardal!